Andreas Røysum Ensemble
Gjer deg klar for ei musikalsk vitamininnsprøyting!
Andreas Røysum Ensemble er eit engasjerande ensemble fylt av musikarar frå øverste hylle frå den yngre nordiske jazzscena. Det er vanskeleg å sitje stille når dette ensemblet sparkar i gang maskineriet med sine smakfulle komposisjonar og energifulle drivande partier. Ensemblet tek deg staid med til nye kriker og kroker og har ei leiken tilnærming til musikken der dei blandar element frå jazz, verdsmusikk og soul. Musikken gir deg assosiasjonar tilbake til brytningstida i jazzhistoria på 70-talet som gir ensemblet ein historisk sus. Likefullt er dette eit ensemble som gir musikarane spelerom og moglegheiter som berre høyrer notida til.
Ensemblet ga nyleg ut sitt tredje album «Mysterier» som har hauste gode kritikkar. På denne utgivinga har dei òg med seg Sofie Tollefsbøl, kjend frå mellom anna Fieh, samt Erik Kimestad Pedersen og Øyvind Brække, som utfyller ensemblet med ein spennande messingduo.
Andreas Røysum Ensemble viser deg breidde i jazz-sjangeren med sitt solide samspel, leikenheit og musikalitet. Ensemble byr på utøvarprestasjonar av ypparste klasse og du vil truleg bli overraska over deira neste musikalske steg. Det er ein del av pakken.
Besetning:
Andreas Røysum – treblås og komposisjon, Sofie Tollefsbøl – vokal, Signe Emmeluth – altsaksofon, Marthe Lea – tenorsaksofon, Erik Kimestad Pedersen – trompet, Øyvind Brække – trombone, Hans P. Kjorstad – fele, Joel Ring – cello, Christian Meaas Svendsen – bass, Paal Nilssen-Love – slagverk, Ivar Myrset Asheim – slagverk.
Denne konserten har stående publikum.
Konserter i vårt hovedprogram varer i utgangspunktet i 60 til 90 minutter.
I Alexandraparken er det 18-årsgrense fra kl. 19:00.
Les mer om Tilgjengelighet | Spillestedene | Konsert ABC / Generell billettinformasjon | Transport/reise